Styret i Vinstra IL beslutta 27. november å utnemne Reidar Hagen til æresmedlem i Vinstra IL.

Reidar Hagen (født 25. oktober 1923, død 22. november 1982) vann fire NM-gull og seks NM-sølv i diskos i perioden 1952-1961 og var aktiv som trenar for både håndball- og fotballag i Vinstra IL etter at han slutta si aktive idrettskarriere.

I 2023 er det 100 år sidan Hagen vart fødd, og styret tykte det var eit fint høve for å heidre ein av dei aller største i idrettslagets historie

Styret vil vidare arbeide for å få på plass ein plakett eller eit oppslag om Reidar Hagen i klubbhuset.

Idrettslagsstyret oppmodar alle til å lese Tor Larsen i Dølen sin gode sak om Hagen frå oktober i år: Reidar Hagen – idrettsatleten fra Kvikne

Foto i illustrasjonen over er lånt frå Ole Bratliens fotoarkiv.