Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommune tilbyr fritidsstipend til barn og unge.
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar.
Målgruppa er sårbare barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar ikkje har økonomisk mogleik til å delta i fritidsaktivitetar.
Fritidsstipend gjeld for:
-
Kontingentar til faste organiserte fritidsaktivitetar der det blir betalt ei fast deltakaravgift (ikkje treningssenter).
Søknadsfrist:
Årleg søknadsfrister er 1. mai og 1. desember. Du søkjer til din bustadskommune.
- Ordninga er finansiert med kommunal eigenandel og med tilskot fra BUFDIR-ordninga «Tilskudd til inkludering av barn og unge.»
- Budsjettet er begrensa og vil bli fordelt innafor tilgjengelege midlar. Dvs. ingen har krav på å få innvilga sin søknad.
- Oppgjer for deltakaravgift foregår mellom kommunen og organisasjonen.
Siste kommentarer